onsdag 14. mars 2007

Skrive, skrive, skrive!

Er for tida plassert ved skrivebordet heime i Stryn. Her skjer det ingen ting, nada, nix...og det er bra, for då er det svært lite som hindrar meg i å skrive. Eg har dårleg tid, som alltid, jobbar best under press, men det er kjedeleg! No har eg vore her i ei og ei halv veke, og har vore av garden 1. gong, då for å hente mor på jobb. Viktige ting som har skjedd i grenda i det siste:

1. Helge har saga ned masse tre nede ved hovudvegen, noko som fører til at det "plutseleg" vart utruleg høgt utfor vegen...nokre hundre meter til fjorden! ;-)

2. Bestemor og bestefar hadde bryllaupsdag på søndag. 59 år sidan bryllaupet. Feira med kake, vafler og Drambuie(den beste drammen som finst...seier dei...) 40% likørkliss.

3. Kattemassakre. Kattebestanden vart redusert frå 11 til 3 i dag. No ligg dei i ein svart søppelsekk i garasjen. Det vart gjort av dyrlegen, ingen hagleskot denne gongen. 1000kr. for jobben skulle han ha, og då er bedøvelse og gift inkludert. No inneheld dei så mykje gift at vi ikkje kan grave dei ned....men må levere dei inn som spesialavfall.

4. Det regnar. Det snør. Det regnar. Det snør.

5. Bestemor har kjøpt seg ny microbølgjeomn. (I den gamle hadde tallerkenen slutta å rotere)

Utruleg kor mykje som skjer! Gledar meg til i morgon.

1 kommentar:

Håvard Flatland sa...

1000 kroner for 8 kattar? Skal seie at døden er vorten dyr. Ei bøtte med vatn er jo nesten gratis..

..men kanskje ikkje så humant. Men dei er jo ikkje menneske heller. Det er jo ..dyrisk? Dyredød er dyrisk dyr? Ai ai, her var det mykje fint å spele på for ordspe(l)sialistar.