torsdag 23. august 2007

onsdag 22. august 2007

torsdag 16. august 2007

Hausten er komen, første dag på jobb!

Ja, så vart det arbeidsmann av meg òg!

Første dag i ny jobb, lærar ved Garnes vidaregåande skule, i dag torsdag 16. august 2007.

Med 100% stilling, 100% norsk og nærare 100 elevar får eg nok å gjere på, trur eg... Eller det er eg vel heilt sikker på! Det andre som er sikkert er at det ser ut til å vere mykje bra folk blant lærarane.





Elles har eg ein beskjed frå sommaren om at han lovar å kome sterkare attende ved neste høve. Han verka rett og slett skuffa over seg sjølv der han sat, våt og kald, lengtande attende til junidagane då alle såg fram til å møte han, og han framleis var "hot" og den mest populære på Facebook.

fredag 16. mars 2007

Strynske sangfuglar skaffar seg nytt levebrød!

På same dag vert det altså annonsert at Stryn sine to syngedamer, Mariann frå Surferosa, og Jorunn Erdal(kjend frå m.a. Grand Prix, og som årets slankar i Sogn og Fjordane 2005) får seg nye jobbar.

1. Mariann skal vere IDOL-dommar. Kommentar: Hugsar godt saka frå Regionsavisa det første året det skulle arrangerast IDOL der Mariann i blå badedrakt(eller var det gul?) uttalte seg sterkt kritisk til heile IDOL. På heimesidene til surferosa vert det uttalt at ho er "in it for the money" og det trur eg på!

2. Jorunn Erdal har overteke drosjeløyve for Oppstryn, der ho kjem frå, og har kjøpt seg Volkswagen Sharan med 7 seter, men dog utan karaokeannlegg.

Lukke til begge to!

;-)

onsdag 14. mars 2007

Skrive, skrive, skrive!

Er for tida plassert ved skrivebordet heime i Stryn. Her skjer det ingen ting, nada, nix...og det er bra, for då er det svært lite som hindrar meg i å skrive. Eg har dårleg tid, som alltid, jobbar best under press, men det er kjedeleg! No har eg vore her i ei og ei halv veke, og har vore av garden 1. gong, då for å hente mor på jobb. Viktige ting som har skjedd i grenda i det siste:

1. Helge har saga ned masse tre nede ved hovudvegen, noko som fører til at det "plutseleg" vart utruleg høgt utfor vegen...nokre hundre meter til fjorden! ;-)

2. Bestemor og bestefar hadde bryllaupsdag på søndag. 59 år sidan bryllaupet. Feira med kake, vafler og Drambuie(den beste drammen som finst...seier dei...) 40% likørkliss.

3. Kattemassakre. Kattebestanden vart redusert frå 11 til 3 i dag. No ligg dei i ein svart søppelsekk i garasjen. Det vart gjort av dyrlegen, ingen hagleskot denne gongen. 1000kr. for jobben skulle han ha, og då er bedøvelse og gift inkludert. No inneheld dei så mykje gift at vi ikkje kan grave dei ned....men må levere dei inn som spesialavfall.

4. Det regnar. Det snør. Det regnar. Det snør.

5. Bestemor har kjøpt seg ny microbølgjeomn. (I den gamle hadde tallerkenen slutta å rotere)

Utruleg kor mykje som skjer! Gledar meg til i morgon.

fredag 2. mars 2007

K10D à la 1930

Uskarpt og "fint", og utan den orginale Kodak bakelittsolblenderen.....


Making a new lens for my K10D


I dag har eg leika meg. Tok å demonterte eit gamalt Kodak Retina(frå tidleg 30-tal) med eit Schneider-Kreuznach Xenar 5cm/3,5, for so å mekke ei god stund før eg fann ei ok løysing på tilkopling til eit M42-Pentax K adapter. Desse gamle objektiva sit i lukkar så det var godt at denne lukkaren av typen Compur hadde T innstilling. Eg var godt nøgd då eg fann ut at det faktisk var mogleg å få fokus til uendeleg, men desverre måtte eg då ha hatt objektivet fast på uendeleg. Difor har det blitt eit nærfokus objektiv(a la macro) og opp til nokre meter, nok til at eg nok kan få testa nokre nære portrett. Fokussnekka var litt tjukk så eg måtte ta vekk den fine hendelen og meterskalaen, men det går altså å snu på sjølve objektivet for å forlenge/forkorte avstanden til sensoren. Det er nok ikkje verdas beste objektiv...ikkje noko coating der i garden nei, men Xenar konsturksjonen er ein meget bra konstruksjon og er av same type som Tessar objektiv. Her kjem eit kjapt knips av dei same tulipanane som for eit par dagar sidan...ganske klar for bosskorga.

onsdag 28. februar 2007

Tulips


Super-Takumar 85/1,9. Tulipanar frå mor som er i Paris på vinterferie.




tysdag 27. februar 2007

COLD



Hyttetur Voss. Pentax K10D. 18-55/3,5-4,5.

M42 85/1,9 Super-Takumar




Adapter i posten. Objektiv i hylla. Kamera i veska.
objektiv+adapter+kamera vert då noko slikt.
(Pentax K10D, Super-Takumar 85/1,9, ISO 400)